Commons:Vedlikehald av hjelpesidene

From Wikimedia Commons, the free media repository
Jump to navigation Jump to search

Alemannisch | brezhoneg | català | Deutsch | English | español | euskara | français | Bahasa Indonesia | italiano | 日本語 | मराठी | Nederlands | norsk bokmål | norsk nynorsk | occitan | polski | português | русский | Tiếng Việt | 中文 | +/−

Wikimedia Commons er eit fleirspråkleg prosjekt, så informasjonen må vere tilgjengeleg på språka som vert snakka av bidragsytarane. Fordi skriving og omsetjing av dei enkelte hjelpesidene, sidene med retningsliner osb. vert best med god struktur, for å unngå dobbelt arbeid, og fordi sidene må vedlikehaldast for å vere nyttige er det behov for ei sentral side for vedlikehald av hjelpesidene med reglar.

Inndeling av hjelpesidene[edit]

  1. Dei viktigaste sidene
  2. Sidene med lover og reglar
  3. Andre viktige sider
  4. Sider for det sentrale Commons-samfunnet
  5. Andre sider
  6. Utsjånaden på Wikimedia Commons

Basisreglar[edit]

Skriving av sidene[edit]

  1. Ikkje lag unødvendige kopiar og hald antalet sider in Commons- og Help-namneromma lite. Hjelp/retningsline/prosjekt/samarbeids-sider og liknande sider som ikkje handlar spesielt om Wikimedia Commons høyrer ikkje heime her. Spesielt sider om MediaWiki-programvaren er unødvendige og vil verte sletta eller flytta til Meta sidan det er i oppdatert MediaWiki-handbok der. Så dersom du vil byrje å skrive ei side om eit emne, ver venleg og sjekk alltid om det allereie eksistere ei liknande side. Det er òg ei rekkje kopiar og like sider frå før. Sjekk om det er nokre du kan flette saman.
  2. Artiklane om korleis ein kjem i gong og dei tekniske hjelpeartiklane skal plasserast i Help-namnerommet. Sider med retningsliner, prosjektsider, sider med lover, sider om vedlikehald av Commons og andre sider om ikkje passar andre stader skal plasserast i Commons-namnerommet.

Omsetjing av sider[edit]

  1. Ikkje start omsetjing av ei side som er utdatert på engelsk. Ver venleg og oppdater originalsida fyrst i slike tilfelle. Elles vil du sløse vekk tid.
  2. Å starte omsetjing av dei viktigaste introduksjonssidene er tilrådd fordi desse er dei fyrste sidene nye brukarar ser når dei kjem til Wikimedia Commmons. Dersom introduksjonssidene er tilgjengelege på morsmålet deira, vert dei sannsynlegvis meir tiltrekte til Wikimedia Commons og desse sidene er svært synlege, så det er sannsynleg at fleire vert med i omsetjingsarbeidet.
  3. Dei enkelte omsetjingane er kobla saman med malen {{Lang-NAME}} som er på toppen av kvar side og lenkjar til kvar av sidene og brukar språknamnet til lenkjetittel.
  4. Sjølve sidene vert kategoriserte i ein Commons-<ISO-kode>-kategori (ver venleg og ikkje leggje dei i det engelske kategoritreet, som t.d. Category:Commons help, den er kun for engelske hjelpesider). Det finst underkategoriar til Category:Commons som ein ikkje treng å leggje til i den lokale Commons-kategorien, t.d. kategoriar under Category:Commons maintenance content, sidan dette gjer vedlikehaldet av Wikimedia Commons vanskeleg. For eit kategoritre over hjelpesidene på Commons, sjå Commons:Category scheme Commons maintenance/en. Ver venleg og legg til underkategoriar der dersom du treng det, og merk dei med rett mal.
  5. Det finst sentrale diskusjonssider, som Commons:Village Pump, som ein ikkje kan omsetje. Likevel kan det vere fint å lage lokaleliknande sider på andre språk og lenkje dei saman som ovanfor. Tenk deg om før du lagar ei slik side. Du må vedlikehalde ho, og sørge for at folk får svar på spørsmåla sine utan at det går svært lang tid. Dersom den siste diskusjonen på ei slik side er eldre enn to veker vil lenkja i Lang-malen (sjå Reglar for vedlikehald av omsetjingane under) verte kursiv og etter to veker til vil lenkja forsvinne til nokon byrjar å bruke den att. Dette er nødvendig fordi folk vert frustrerte når ingen andre legg merke til spørsmåla deira og svarar på dei.
  6. Andre sentrale Wikimedia Commons-vedlikehaldssider som Commons:Deletion requests kan ikkje omsetjast, og er kun nødvendige på engelsk. Likevel er du velkomen til å omsetje innleiingsteksten på slike sider så folk får hjelpeinformasjonen på sitt eige språk.

Reglar for vedlikehald av omsetjingane[edit]

Dersom ei omsetjing av ei ofte omsett side ikkje vert oppdatert/sett over er den ikkje til hjelp lenger, og fører dermed berre til forvirring, brukarar gjer feil, og folk vert frustrerte. Difor treng ein nokre reglar for Lang-malen øvst på sida:

  1. Dersom ein språkmal inneheld meir enn 20 lenkjer til sider, og ei av sidene ikkje vert oppdatert/sett over på to veker etter den siste endringa på den engelske versjonen vart gjort, vil lenkja i Lang-malen verte skriven med kursiv skrift, som t.d.:
    ''[[Hauptseite|Deutsch]] |''
    , som vil sjå ut slik:
    Deutsch |
  2. Sider vert sett over i den rette omsetjongsseksjonen (sjå over). Når brukarar oppdaterer/ser over ei side skriv ein signaturen etter språkkoden til den aktuelle omestjinga (og fjernar ein eventuell anna eksisterande gammal signatur der).
  3. Dersom ei side ikkje vert oppdatert på to veker til, vil den verte usynleg (men ikkje fjerna) i Lang-malen med fylgjande kode:
    <span class="hiddenStructure{{{visible| }}}">''[[Hauptseite|Deutsch]] |''</span>
    HiddenStructure er ein CSS-klasse som er innlagd i MediaWiki:Common.css som vil gjere lenkja usynleg så lenge malen ikkje vert kalla med synlegvariabelsettet. På sidene for vedlikehald av hjelpesidene kan malen verte kalla med visible=yes, så folk framleis kan finne gamle omsetjingar så dei kan oppdatere dei.

Dette gjeld berre sider som t.d. hovudsida som har meir enn 20 omsetjingar.

Viktige oppgåver akkurat no[edit]

  • Dei fleste sidene med hjelp og retningsliner vart sist oppdatert på engelsk i mai 2005 og er i dei fleste tilfelle heilt utdaterte, i tilleg til at det er mange sider med nesten likt innhald. Ver venleg og hjelp til med å rydde opp i alle desse sidene. Sjå Category:Commons og finn kva som treng oppdatering.
  • Det same gjeld omsetjingane. Dei vart gjorde på same tid og så gløymde. Ver venleg og vedlikehald alltid omsetjingane dine dersom morsmålet ditt er viktig for deg (og det håpar vi det er).
  • Alle sider som er utdaterte i dei tilfella det finst ein oppdatert engelsk versjon vil få lenkjer i kursiv skrift dei neste dagane.