Commons:Wiki Loves Monuments 2022 i Noreg

From Wikimedia Commons, the free media repository
Jump to navigation Jump to search
This page is a translated version of a page Commons:Wiki Loves Monuments 2022 in Norway and the translation is 100% complete. Changes to the translation template, respectively the source language can be submitted through Commons:Wiki Loves Monuments 2022 in Norway and have to be approved by a translation administrator.

Wiki Loves Monuments Noreg
oktober 2022

Delta
Hovuddelen av Wiki Loves Monuments er fotokonkurransen. Fotografi av registrerte kulturminne i Noreg må bli lasta opp til Wikimedia Commons i løpet av oktober for å delta. Fotografia kan vere tekne når som helst, men berre fotografi som vert lasta opp i oktober blir vurderte. Vinnarane vert kunngjorde 30. november 2020.
Steg 1. Finn kulturminne å fotografera
Du kan finne kulturminne i nærleiken ved å nytta kartet på Kulturminnesøk eller dei relevante listene på Wikipedia på bokmål. Merk deg kulturminne-ID-en.
Steg 2. Fotografer kulturminnet
Steg 3. Last opp bileta dine
Last opp bileta du har teke til Wikimedia Commons i løpet av oktober ved å nytta knappen nedanfor. Hugs å leggja til kulturminne-ID-en frå steg 1 i opplastingsskjemaet.


Skrivekonkurranse
Som i tidlegare år arrangerer Wikimedia Noreg òg ein skrivekonkurranse i løpet av fotokonkurransen. I oktober vil månadens konkurranse på Wikipedia på bokmål, nynorsk og nordsamisk handle om kulturminne i Noreg. For å delta må du registrera deg på konkurransesida.


Om Wiki Loves Monuments
Wiki Loves Monuments vart arrangert for fyrste gong i Nederland i 2010. I 2011 blei konkurransen utvida til ei rekkje europeiske land, og i 2012 blei han global med 35 deltakarland frå heile verda. Sidan då har 60 000 deltakarar sendt inn over 1,7 millionar bilete. Konkurransen har bidratt til å dokumentera 1,5 millionar kulturminne. I 2022 vert det heldt nasjonal konkurranse i meir enn 40 land i heile verda, og Wikimedia Noreg arrangerer den norske delen av konkurransen for ellevte gong.


Vinnerbileta frå 2020