Commons:Wiki Loves Monuments 2019 i Noreg
Jump to navigation
Jump to search
Wiki Loves Monuments Noreg
september 2019
- Delta
- Hovuddelen av Wiki Loves Monuments er fotokonkurransen. Fotografi av registrerte kulturminne i Noreg må bli lasta opp til Wikimedia Commons i løpet av september for å delta. Fotografia kan vere tekne når som helst, men berre fotografi som vert lasta opp i september blir vurderte. Vinnarane vert kunngjorde 31. oktober 2019.
Steg 1. Finn kulturminne å fotografera Du kan finne kulturminne i nærleiken ved å nytta kartet på Kulturminnesøk eller dei relevante listene på Wikipedia på bokmål. Merk deg kulturminne-ID-en. | |
Steg 2. Fotografer kulturminnet | |
Steg 3. Last opp bileta dine Last opp bileta du har teke til Wikimedia Commons i løpet av september ved å nytta knappen nedanfor. Hugs å leggja til kulturminne-ID-en frå steg 1 i opplastingsskjemaet. |
- Skrivekonkurranse
- Som i tidlegare år arrangerer Wikimedia Noreg òg ein skrivekonkurranse i løpet av fotokonkurransen. I september vil månadens konkurranse på Wikipedia på bokmål, nynorsk og nordsamisk handle om kulturminne i Noreg. For å delta må du registrera deg på konkurransesida.
Nytt
- Samisk kategori
- I 2019 innfører vi ein kategori med eigne premiar for samiske kulturminne i den norske delen av Wiki Loves Monuments. Fotografi av samiske kulturminne er automatisk òg med i hovuddelen av konkurransen. Viss eit bilete du har teke er av eit samisk kulturmine, berre vel «Ja» i det nedste valet på opplastingssida.
- Di verre merkar ikkje Kulturminnesøk samiske kulturminne på ein konsistent måte. For å finna ut om eit kulturminne er samisk, les skildringa til kulturminnet i databasen. Viss du trur at eit kulturminne er samisk men ikkje er sikker, kan du merka det som samisk på opplastingssida, så vil arrangørane i Wiki Loves Monuments Noreg hjelpa deg med å finna ut om det skal gjelda eller ikkje.
- Om konkurransen
- Wiki Loves Monuments vart arrangert for fyrste gong i Nederland i 2010. I 2011 blei konkurransen utvida til ei rekkje europeiske land, og i 2012 blei han global med 35 deltakarland frå heile verda. Wikimedia Noreg arrangerer no den norske delen av konkurransen for niande gong, og har gjort det kvart år sidan 2011.
- Eit oversyn over alle gyldige kulturminne til fotokonkurransen kan finnast på Kulturminnesøk frå Riksantikvaren, som òg har eit kartverktøy for å finne kulturminne i nærleiken. Fleire ressursar kan finnast på kulturminnesida.
Vinnarbileta frå 2018
-
-
-
Helgøy kyrkje, av G1455O
-
Dragefjellsbakken og Sydnessmauet i Bergen, av Odd Roar Aalborg
-
Skipa DS «Stord I» og MS «Vulcanus» i Bergen, av Tore Sætre.
-
Helleristingar i Alta, av Hans A. Rosbach
-
Sandå vaktarbustad og Sandå stikningsbu, av Tomas Wangen
-
Skansenbrua i Trondheim, av Thomas Christian Espenes