File:Eit utopisk sekund.jpg

From Wikimedia Commons, the free media repository
Jump to navigation Jump to search

Original file (3,008 × 2,000 pixels, file size: 1.44 MB, MIME type: image/jpeg)

Captions

Captions

Add a one-line explanation of what this file represents
Description
Norsk bokmål: Eit utopisk sekund

Det kunne vel ha vore kvar som helst og når som helst, men i dette tilfellet snakkar vi om ein fortauskafé i bydelen Alfalfa i Sevilla, sør i Spania. Datoen er 18. mai, og klokka nærmar seg halv sju. Den eine av dei to personane som no stiller seg opp like ved bordet der vi sit, går rundt med eit tangentbrett på storleik med sin eigen kropp. Vi drikk små ettermiddagsøl og et små tapas som vi har bestilt på stotrande spansk utan å vere heilt sikre på kva vi ville få.

Dei to musikantane har kome forbi dette bordet, sett på ansikta og kroppane som sit her, og tenkt: Her stiller vi oss opp. Her gjer vi det vi gjekk ut for å gjere. Vi dreg nummeret vårt, slår instrumentet på, trykkjer på knappen, trykkjer inn tangenten. No.

Tangenten – som straks via elektronikk kan frambringe all verdas lydar – dirrar litt. Det er fingeren som får tangenten i kvit plast til å dirre litt, tangenten får fingeren til å nøle litt, og begge musikantane nøler med heile kroppen. Er alt klart? Kva slags lyd vil det bli denne gongen?

Også eg har eit par spørsmål i dette sekundet før dei set i gong. Eitt av dei er denne grunnleggande undringa som av og til kjem til overflata: kvifor? Kvifor står desse to personane der på fortauet med – så vidt eg kan sjå – eit keyboard av merket Yamaha, nærare bestemt PSR E403? Dei kunne valt ein tuba, ein cello, ei harpe, eit trekkspel eller ei blokkfløyte, men nei, det må vere ein Yamaha PSR E403, eit instrument som med ei vekt på 12 kilo skal ha potensialet til å omfatte alle andre instrument, og fleire til. Og like godt tenkjer eg: Kvifor er ikkje scenen omvendt, at det er eg, vi som står der med tyngda av dette instrumentet hengt rundt halsen, og desse to personane som sit ved fortausrestauranten og tek ein slurk øl?

I like stor grad som spørsmål er det likevel forventning som fyller dette sekundet. Det er eit alvor i opptakta til desse to musikantane si forestilling, som gjer at vi – no før dei set i gong – kveler det vi eventuelt måtte ha av smil eller kanskje latter. Og plutseleg får vi det for oss at dei må skjøne noko. Dei skjøner – betre enn oss – kvifor vi er her, akkurat her, akkurat no.

Vi tenkjer: Det er grunnleggande usikkert kva som no vil kome.

Den eine av dei to står med ein draum på magen, draumen om å kunne vere i stand til å kunne frambringe kva lyd som helst. Det går an å bestemme seg for at noko skal skje, uttrykkjer dei to musikantane der dei står. Det går an å bestemme seg for eit uttrykk, ein lyd, ei stemning, ein melodi, og så: ei tid og ein stad der desse skal bli verkelege. Camareroen ved fortausrestauranten har gitt oss tapas, fordi vi er i Spania og forventa tapas, men dei to musikantane ser ikkje ut til at dei har tenkt å gi oss noko vi forventar. Vi sveittar, varmen er trykkande denne ettermiddagen i Sevilla, men ein kald slurk er på veg ned i halsen, og ei klam hand held rundt eit kaldt glas på veg mot bordet. Enkelte augneblinkar kan alt trygt falle, og dette er ein slik augneblink.

Forventning! Om så berre eit sekund av det! Nokon tenkjer – kan det vere eg? – at dette har med det utopiske å gjere. Eg lar meg rive med av forventninga, uansett kor kort ho måtte vere, med sveitte under armane og ei svak prikking under fotsolane. Denne kjensla av at ein kan få høyre og bli vitne til kva som helst, sjølv om ein likevel innerst inne veit at det ikkje vil skje. Dette vesle sekundet før tangenten blir trykt inn er fylt av denne uroa, som ikkje er det same som forventninga om det måltidet vi kjem til å innta seinare på kvelden eller dei gatene vi kjem til å vandre i dagen etter. Etter framføringa kjem musikantane til å vente pengar, og dei kjem til å spørje om vi har ein sigarett før dei går vidare til eit anna bord, i ei anna gate. Men det høyrer til i ein annan tekst og eit anna bilete. No er alt berre forventning og hypotese. Dei nøler eit sekund.

Så byrjar dei å spele, eg tek opp kameraet, og det er over.


Frå Dag og Tid 25. mai 2006
Date
Source originally posted to Flickr as Eit utopisk sekund
Author ø
Permission
(Reusing this file)
This image, which was originally posted to Flickr, was uploaded to Commons using Flickr upload bot on 25 November 2010, 02:08 by Clusternote. On that date, it was confirmed to be licensed under the terms of the license indicated.
w:en:Creative Commons
attribution share alike
This file is licensed under the Creative Commons Attribution-Share Alike 2.0 Generic license.
You are free:
  • to share – to copy, distribute and transmit the work
  • to remix – to adapt the work
Under the following conditions:
  • attribution – You must give appropriate credit, provide a link to the license, and indicate if changes were made. You may do so in any reasonable manner, but not in any way that suggests the licensor endorses you or your use.
  • share alike – If you remix, transform, or build upon the material, you must distribute your contributions under the same or compatible license as the original.
Other versions Derivative works of this file:  Yamaha PSR-E403.jpg

File history

Click on a date/time to view the file as it appeared at that time.

Date/TimeThumbnailDimensionsUserComment
current02:08, 25 November 2010Thumbnail for version as of 02:08, 25 November 20103,008 × 2,000 (1.44 MB)Flickr upload bot (talk | contribs)Uploaded from http://flickr.com/photo/32241143@N00/509151230 using Flickr upload bot

The following page uses this file:

Metadata